Dette er den formelen eg brukar mest. Det blir ein middels kroppsnær genser som passerer som “klassisk” i fasongen – ikkje like vid som ein skigenser frå nittitalet, men ikkje så trang som eit pølseskinn frå 1976. Du har plass til skjorte under og jakke utanpå. Raglanfelling er enkelt og pent (eg går ut i frå at du veit kva raglanfelling er, men det står forklart lengre ned korleis du strikker ermene fast til bolen), og gir ein god passform som er kledelig til dei fleste kroppsfasongar. Om du er kvinne og har stor byste, trivst du antakelig betre i ein rundfelt genser med litt fleire masker i framstykket enn bakstykket (eg forklarer dette også lengre ned i teksten). Uansett kva du vel av raglanfelling eller rundfelling, er formelen den same, så det er den same “oppskrifta”.

NB! Eg brukar ein del tal som eksempel her, hugs at du ALLTID skal bruka dine eigne tal som du får frå reknestykka eg viser under.

steg 1: garn og pinnar

Gå til ein garnbutikk, sei at du skal ha garn til ein genser og ca. kva for storleik det er snakk om, og få hjelp til å finna ut kor mykje du treng av den garntypen du likar best. Dette varierer sterkt frå garntype til garntype, så det går ikkje an å seia noko generelt om det, men garnbutikkar har som regel oppskrifter liggjande for kvar garntype dei sel, slik at dei kan hjelpa deg å gjetta. Spør om det er i orden å levera tilbake uopna nøster! Om dei seier ja, kjøper du eit nøste meir enn du trur du treng. Om dei seier nei, takk høflig for hjelpa og gå i ein annan butikk for å kjøpa garn.

Og hugs at det kan vera lurt å sjekka kva for pinnar du har heime før du går i butikken. Du treng eitt sett strømpepinnar (nokre kaller dei “settpinnar”, og det finst ulike lengder, eg likar 20 cm best), ein ermepinne (rundpinne på 40 cm) og ein lang rundpinne (60 cm er som regel langt nok, men 70 cm kan vera enklare å handtera om du er nybyrjar eller om du strikkar til ein flodhest). Kvar av desse treng du i ein storleik som passar til garnet du vil bruka (det står som regel anbefalt pinnenummer på merkelappen på nøstet). Om du ikkje har mykje strikkeerfaring, er det lurt å velja pinnar (og altså garn) som ikkje er mindre enn 3,5 (av di det går sakte på tynne pinnar, og då er det lett å mista piffen halvvegs i prosjektet) og ikkje større enn 7 (av di det er vanskelig å handtera få masker på tjukke strømpepinnar, og vanskelig å fella og auka pent med så tjukt garn).

Steg 2: Prøvelapp

Nå som du har funne eit lekkert garn i butikken (eller, om du er som meg, i boden), skal du setta deg ned og strikka ein prøvelapp. Ja, prøvelapp. Nei, det går ikkje an å berre byrja på genseren og justera etter kvart. Jo, du må ha prøvelapp. Nei, du kan ikkje berre rekna med at du strikker så mange masker på 10 cm som det står på garnet at det blir på “riktig pinne”. Prøvelappen er Gud. OK? Fint.

Legg opp minst 50 masker, og minst dobbelt så mange som garnprodusenten oppgir at skal gi 10 cm. Strikk glattstrikk (fram og tilbake blir dette ei rekkke rett og ei rekke vrang, om du strikkar rundt, er det berre rett heile vegen) til lappen måler minst 15 cm frå oppleggskanten til pinnen. Fell av og la lappen ligga til neste dag før du måler (mens du strikkar, strekkjer du garnet, og når det får liggja, trekkjer det seg saman igjen, så lappen din kjem til å krympa litt over natta). Ikkje dra i lappen verken den eine eller den andre vegen (unntak: bomull, lin, alpakka eller blandingar der ein av desse er meir enn 60 % skal du strekkja alt du klarer  i lengderetninga éin gong, og så la dei liggja).

Dagen etter skal du måla opp 10 cm i breidda (pass på at du måler beint – alle maskene skal vera frå same omgang) midt på lappen og telja kor mange masker som utgjer desse 10 cm. Rund av nedover til næraste halve maske. Ikkje dra i lappen for å få eit tal du likar, då kjem ikkje genseren til å passa. Skriv ned kor mange masker som er 10 cm på prøvelappen din. Så måler du like nøyaktig 10 cm i høgda og skriv ned kor mange omgangar som er 10 cm.

steg 3: kroppsmål

Finn fram målebånd og den personen som skal bruka genseren. Du treng berre fire mål for å få ein fin genser:

Mål 1: Omkrets rund bryst eller mage – det som er størst. Be personen stå rett opp og ned med armane ned og pusta normalt. Om du strikkar til ein mann, be han slippa ut magen. Om du strikkar til deg sjølv, få ein ven til å måla deg. Skriv ned dette målet og kall det A.

Mål 2: Heil lengde. Dette er frå toppen av skuldera (der kragebeinet møter overarma) og rett linje ned til bukselinninga (eller så langt som du vil at genseren skal rekka, men om du vil strikka kaftan eller kjole, går ikkje denne formelen opp). Skriv ned dette målet og kall det B.

Mål 3: Ermelengde. Be personen halda begge armane rett ut frå kroppen og må frå handledd til handledd. Skriv ned dette målet og kall det C.

Mål 4: Handledd. Mål rundt handleddet heilt nede ved handa. Skriv ned dette målet og kall det Beate (neida, eg berre tullar. Kall det D).

steg 4: mattetime

Talet A pluss ledigvidde er vidden på bolen. Ledigvidden kan du forsåvidt bestemma sjølv, eg anbefaler 10 cm til barn (mindre til barn under tre år), 15 cm til damer og 20 cm til menn. Så om du strikker til ein mann som er 85 cm rundt brystet og ikkje har mage større enn dét, er bolvidden 115 cm. Er du i tvil, så mål på ein genser du veit passar. Om du vil ha ein litt smal genser, kan du la ledigvidden vera 10 % – men ikkje mindre.

Talet B skal du dela på 3 og ganga svaret med 2. Rund opp til næraste heile centimeter og skriv det ned som ermevidde/bol-lengde.

Neste reknestykke er litt meir utfordrande. Først deler du bolvidden på to (kall gjerne dette talet E). Så trekker du E frå talet C og deler svaret på to. Resultatet runda oppover til næraste heile centimeter er ermelengden. Eit eksempel: Ein mann er blitt målt til A=85 cm og C=165cm. Reknestykket blir då slik: 85+20=115 (bolvidde). 115/2=57,5 (E). 165-57,5=107,5. 107,5/2=53,75 — ermelengden er 54 cm. Legg merke til at ermelengda er en god del kortare enn det ermet er på ein genser eller ei jakke med vanlege isette ermer.

Talet D gangar du med 1,5 og skriv ned resultatet som handleddvidde. Dette kjem til å se veldig stort ut, men forklaringa kjem under.

steg 5: litt meir matte

Nå skal me rekna om viddemåla frå steg 4 frå centimeter til masker. Reknestykket er ganske enkelt: Mål i centimeter * masker per 10 centimeter / 10 = masketal. Om me tek den same mannen som ovanfor som eksempel, og seier at du hadde 21 masker på ti centimeter, blir det desse utrekningane:

Bolvidden er 115 cm. 115*21/10=241,5 — rund av nedover til næraste heile partal, altså 240 i dette eksempelet.

Handleddvidden er D*1,5 – lat oss seia at D var 20 cm, så er handleddvidden 30 cm. 30*21/10=63. Igjen runder me av nedover til næraste heile partal: 62.

Ermevidden er B/3*2 runda opp til næraste centimeter. Lat oss seia at B er 65 cm (ein middels høg mann). 65/3=21,67 21,67*2=43,34 runda av til 44. Så til masketalet: 44*21/10=92,4 runda ned til næraste heile partal: 92. Om dette masketalet er mykje mindre enn halvparten av bolvidden, bør du sjekka måla om igjen. Då er det anten ein veldig kort og tjukk person, eller noko galt med måla dine. Om det er ein gjennomsnittlig kropp og alle mål er riktige, bør du redusera ledigvidden på bolen. Ein snarveg for slanke menn og slanke barn er å tenka at bolvidden skal vera to ca. gonger ermevidden. For kvinner som har bysten som det største målet, kan du bruka bystemålet utan ledigvidde som bolvidde, og strikka rundfelling med fleire masker foran enn bak.

Ermeaukinga er kor ofte du skal auka mens du strikkar ermet, slik at du får jamn auking frå handleddet og opp til ermevidden der ermet møter bolen og fellinga begynner. Det er nå me får bruk for kor mange omgangar som er 10 cm. Først tek me ermelengden og trekker frå fire centimeter (tre til barn). I mitt eksempel blir det 54-4=50. Eg skal altså auka frå 62 masker (handleddvidde) til 92 masker (ermevidde) på 50 cm. Først og framst veit eg at når eg aukar, så aukar eg to masker på same omgang. Så eg skal auka i alt 15 gonger (30 masker). 50/15=3,333 – eg skal auka ein gong kvar 3,33 centimeter. Då må me vita kor mange omgangar det er. Antal omgangar per 10cm på prøvelappen deler me då på ti og gangar med det antalet centimeter me vil ha. Om det til dømes var 28 omgangar på 10 centimeter blir det altså 2,8*3,33=9,34 og eg skal auka i gjennomsnitt kvar 9,34 omgang. Det er jo ikkje så lett, så eg runder av til næraste heile omgang og aukar kvar niande omgang. Då blir det litt meir enn fire centimeter utan auking øvst på ermet (i dette eksempelet blir det 6,2 centimeter), men det lever eg heilt greitt med. Gratulerer! Nå er du klar til å strikka!

steg 6: strikkinga

Eg byrjar alltid med å strikka begge ermene før eg strikkar bolen. Eg har ikkje noko som helst forklaring på kvifor eg gjer det slik, og ca. alle strikkeoppskrifter eg har sett, seier at du skal strikka bolen først. Gjer akkurat som du vil, det er rett og slett ikkje viktig.

Erme: Om du skal ha vrangbord ved handleddet, bør du legga opp litt færre masker enn handleddvidden (t.d. 4/5). Skal du ikkje ha vrangbord, kan du sjølv bestemma om du vil bruka handleddvidden som han er eller om du vil legga opp litt færre masker til ein kant som sit strammare rundt handleddet. Ikkje gå ned til mindre enn 3/4 av handleddvidden. Legg opp dei maskene du treng, og strikk den kanten du skal ha (eller vrangbord, eller noko). Strikk rundt på strømpepinnar og bytt til ermepinne når du har nok masker til det. Når du er ferdig med vrangborda eler kanten, må du auka jamnt på éin omgang opp til det masketalet du skal ha som handleddvidde. Set merke der omgangen begynner (undersida av ermet), og strikk resten av ermet med auking på undersida slik:

Eg skulle auka kvar niande omgang. Omgangen då eg auka til handleddvidden er nr. 1. Eg strikker rett opp til og med omgang 9. I omgang 10 aukar eg ei maske etter den første maska og ei maske før den siste maska i omgangen (altså er det to masker mellom aukingane midt under ermet). Den omgangen eg strikka med auking, er nå nr. 1 neste gong eg skal telja. Strikk slik heilt til du har det masketalet som er ermevidden. Strikk vidare utan auking til du når ermelengden (når eg har vrangbord, måler eg frå toppen av vrangborda til midt på pinnen; når eg har rett kant, måler eg frå oppleggskanten til midt på pinnen). Ikkje fell av. Mål ein gong til dagen etter slik at du er sikker på at ermet er riktig lengde.

Når du er sikker, feller du av ca fem cm midt under ermet slik: Finn ut kor mange masker du har på 10 cm og del dette talet på to (10,5 i mitt eksempel). Rund av til næraste partal (10 for meg). Det er ti masker som skal fellast av, halvparten på kvar side av midten. Og sidan midten er der omgangen begynner, og eg har strikka akkurat ein heil omgang, så plukker eg meg tilbake fem masker og feller av ti masker. Set resten av maskene over på ein rundpinne du ikkje brukar i dette prosjektet, og strikk det andre ermet likt.

Bol: Om du vil ha stram vrangbord nede, legg opp 3/4 av masketalet for bolvidden. 4/5 gir ei lausare vrangbord. Til rett kant synst eg det blir finast å legga opp heile bolvidden. Strikk den kanten du vil ha, og strikk bolen vidare rett opp til arbeidet måler bol-lengda (som skal vera B/3*2 runda opp til næraste heile cm). Igjen måler eg frå toppen av vrangborda når eg har stram vrangbord, og frå oppleggskanten når eg har rett kant. Om du har lagt opp færre masker enn heile bolvidden, aukar du jamnt på den første omgangen etter kanten/vrangborda akkurat som for ermet. Ha eit merke der omgangen begynner, så du er sikker på at du avsluttar med ein heil omgang.

Så er det litt matte igjen: Me skal fella av masker til ermehòl, like mange i kvar side av bolen som det me har på undersida av kvart erme. Altså 10 masker i mitt eksempel. Eg deler først masketalet på bolen, minus ermehòlfellingane,  på to for å få to like delar – framstykke og bakstykke (det er her du kan flytta nokre ekstra centimeter til framstykket om du strikkar til ei barmfager dame – se under). Eg hadde 240 masker rundt bolen, og skal fella av 20 masker (ti masker for kvart erme). Det blir altså 240-20=220, og 220/2=110 — eg skal ha 110 masker framme og 110 masker bak. Igjen plukker eg meg fem masker bakover slik at eg har fem ustrikka masker på den siste omgangen. Så feller eg av ti masker, strikkar 110 (dette blir framstykket), feller av 10 og strikkar 110 (bakstykket). Om du har fleire masker igjen på omgangen nå, så har du telt feil ein stad. Sett merke midt framme og midt bak. Ikkje slit av tråden, og ikkje fell av.

Om du strikkar til ei drusaleg dame og skal ha fleire masker framme enn bak, kan du flytta inntil 10 % av ryggmaskene fram til framstykket. Så eg kunne flytta 11 masker fram i mitt eksempel, og hatt 121 masker i framstykket og 99 i bakstykket. I praksis ville eg nok heller flytta 10 masker og fått 120/100, men det er mest av di eg blir nervøs av å strikka oddetal.

Raglanfelling: Det er mange måtar å gjera dette på, eg brukar min (som eg likar av di han er enkel og ikkje krev teljing og utrekningar). Nå har du strikka deg fram til der du felte av dei første ti maskene på bolen. Her kjem det venstre ermet til å sitta. Bruk tråden frå bolen og strikk eit erme inn på bolpinnen. Sett merke på kvar side av ermet akkurat mellom den første/siste bolmaska og den siste/første ermemaska. Strikk vidare, framleis med same tråd, over alle maskene til framstykket. Strikk inn det andre ermet likt, med like merker, og strikk bakstykket. Når du kjem rundt igjen til der det venstre ermet begynner, er du ferdig med omgangen, og har heile genseren på éin rundpinne. Nå plar eg vrenga ermene inn i bolen for å gjera det lettare å handtera. Det kan også vera lurt å ha eit merke her i ein annan farge enn dei andre merkene, eller to merker her, slik at du ser kva som er starten på omgangen.

Strikk vidare rett opp tre centimeter frå der du sette ermene i (eg plar telja omgangar her, i mitt eksempel er tre centimeter ca 8-9 omgangar, eg ville gått for 8 av di det er eit partal). Etter dette begynner raglanfellinga. Hugs at du har eit merke på kvar side av kvart erme – dette er dei fire plassane du skal fella. Du skal fella ei maske på kvar side av kvart merke, altså åtte masker totalt, og det skal du gjera på annankvar omgang.

Så nå står me i begynnelsen av ein omgang, akkurat der merket er for ei felling. Eg strikkar ei maske rett, og så to masker saman, det er ei felling. Så strikkar eg meg bort til tre masker før neste merke. Der strikkar eg ei vridd felling: Løft av først ei maske frå venstre mot høgre og så ei maske til likt, sett begge tilbake på venstre pinne og strikk dei vridd saman. Du finn ein video av dette her. Strikk to rette masker etter fellinga (ei før og ei etter merket) og to masker rett saman.

Gjer likt ved alle fellemerkene, og til slutt kjem du til slutten av omgangen der du skal fella berre den første delen, sidan du felte den andre maska heilt først i omgangen. Etter alt dette strikkar du ein omgang rett utan felling, og så ein omgang med felling, og slik fortset du heilt til arbeidet måler heil lengde minus ti centimeter (seks for barn) midt framme. I mitt eksempel er det 55 centimeter. Den siste omgangen skal vera utan felling.

Rundfelling: Du strikkar på ermene akkurat som til raglan, men i staden for å fella til raglan, feller du jamnt rundt heile bolen på tolv stader kvar tredje omgang. Når du har strikka på ermene og strikke tre centimeter, deler du altså det totale masketalet du har på pinnen på tolv (i mitt eksempel blir det 240+92+92-40=384 — 384/12=32) og set eit merke for kvar tolvtedel av omgangen (kvar 32. maske for meg her). Vidare strikkar du to masker rett saman like etter kvart merke på kvar tredje omgang. Eg plar passa på at eg har ei felling midt på kvart erme og resten fordelt framme og bak. Dette er litt meir matte enn raglanfelling, men blir altså finare til damer med stor byste i forhold til livvidden. Her blåser du i om det var felling eller ikkje på den siste omgangen før halsen (yay!), men du må fella på vrange omgangar vidare (not so yay).

Hals: Når du er 10 cm frå total lengde målt midt framme, strikkar du nakken høgare enn halsringinga slik: Sett av ca 10 cm på ein hjelpepinne midt framme (i mitt tilfelle 22 masker sidan midten er mellom to masker og 10 cm er 21 masker). Resten av genseren strikkar du fram og tilbake mens du fortset med fellinga. På ein raglangenser strikkar du deg altså vrangt tilbake rundt alle maskene du har (bortsett frå dei på hjelpepinnen), og så kjem magien: På kvar rette omgang skal du setta av masker til halskant OG fella raglan som før. For å unngå hòl der du snur, gjer du slik: På alle omgangar (vrange og rette) tek du den FØRSTE maska laust av, stramar tråden og strikkar til enden av omgangen. På RETTE omgangar skal du kvar gong FØR du strikkar den første maska legga tråden på rettsida av arbeidet og setta ei -1- maske frå hjelpepinnen laust over på den venstre pinnen. Så legg du tråden tilbake til vrangsida, rundt den maska du akkurat tok over frå hjelpepinnen, og så set du tilbake den same maska til hjelpepinnen utan å strikka maska og med tråden framleis rundt maska. Du finn ein video av denne teknikken her.strikkar du to masker frå arbeidet over på hjelpepinnen (altså er det nå to fleire masker på hjelpepinnen enn det var i forrige omgang) før du strikkar omgangen med raglanfelling, og dei to SISTE maskene set du laust over på hjelpepinnen utan å strikka dei.

Slik fortset du til du er fem cm unna total lengde målt midt bak, eller til halskanten (maskene på hjelpepinnen) møter raglanfellingane – kva enn som skjer først (det varierer med kor tjukke pinnar du brukar og kva storleik du strikkar). Slutt med ein rett omgang. Når du har felt alt du skal til halsopning på denne måten strikkar du deg fram til hjelpepinnen, og strikkar opp alle maskene frå hjelpepinnen til arbeidet. For å unngå hòl der du har felt, er det litt meir akrobatikk. På den eine sida av halskanten (venstre side av genseren) har du “trappetrinn” for kvar omgang. Der det er slike trappetrinn, er det høgare på høgre side enn på venstre (slik du held arbeidet). Strikk deg fram til trappetrinnet, plukk opp ei ekstra maske frå “hòlet” over på venstre pinne og strikk denne saman med neste maske. Se ein bildeserie med dette her. På den andre sida av halskanten, har du nokre masker med ein ekstra tråd rundt seg. Den tråden plukkar du opp og strikkar saman med maska på denne måten. Du skal altså IKKJE auka masketalet på noko side av halsen! Når du har strikka opp alle maskene, fører du alle maskene over på ein passelig rundpinne (ermepinnen), set eit maske midt bak i nakken og let dette vera begynnelsen på omgangen før du strikkar den halskanten du vil ha.

Om du har rundfelt genseren, er halsringinga akkurat lik, men du må fella i fellemerkene på kvar tredje omgang – så det skjer på ein vrang omgang annankvar gong. Litt meir å halda styr på, altså.

steg 7: montering

Under kvart erme er det eit hòl. Sy det pent saman frå retta nøyaktig i fellekantane, bruk butt nål og ein rest av garnet du har strikka med. Fest alle trådar på baksida.

Steg 8: ferdig!

 

MER STRIKKE MATEMATIKK HER